Den var artig! Og ikke minst inspirerende. Er det karve-skurd eller noe slikt det kalles? Hadde vært moro og prøvd ei gang.
Eik har en stygg tendens til å sprekke ganske lett, iallefall om treet er kompakt/tungt. Så jeg ville sausa endene godt inn med lim, og gjerne 10cm oppover sidene også. Pluss å splitte de ned til maks 2" breie emner. Aller helst burde du finne fram øksa og økse ut buene med en gang. Desto lettere med grønt tre, det må jo gjøres uansett, og da unngår du kaanskje at det sprekker.
Jeg har faktisk opplevd at selv ferdigmaskinerte tørre eikeplank-bueemner har sprukket bare ved flytte de til et hus med ganske tørr luft. Er nesten ikke noe verre enn å finne små sprekker i hele emnet rett før man skal begynne å tille
Askeboge med glasfiberlaminat
Moderator: GreenMan
Kult at de likar bogen!
Eg skal ta nokre fleire bilete neste gang eg er på Varaldsøy (Bur i Bergen til vanleg) I Bergen har eg plass eller utstyr til å laga bogar, så eg får kun dyrka hobbyen i helger og feriar.
Utskjeringane på handtaket er berre noko eg har dikta opp. Fell nok ikkje under nokon spesiell stilart.
Har alt byrja å dela opp eikestokkane i minre emne. Dei har tørka i ca. 6 mnd. no og har enkelte tydlege sprekker. Trur ikkje det blir noko stort problem. Brukar sprekkene som mal for vidare oppdeling.
Ytterste årring. Kun barken er fjerna.
-Ståle

Var heime på Varaldsøy i helga. Nytta sjangsen til å ta eit par ekstra bilete av askebogen med glasfiberlaminat.
Fekk også byrja på ein ny boge. Denne gang av eik.
Etter litt saging og høvling.
Delene er limt og satt i spenn for natta.
Den eine sida blei i svakaste laget. Jevna ut andre sida slik at den blei omtrent lik. Skar så ut nokre lister som eg her har limt til buken.
Slik er bogen no. Har ikkje fått testa den i spenn sidan limen ikkje rakk å tørka heilt før bussen til by'n for . Me får sjå om 3-4 veker korleis den blir. Er litt skeptisk....

Det gjekk bais
Som eg mistenkte, haldt ikkje forsterkingane. No må eg få alt bort og kutte ned på lengda. Liten boge med langt handtak.