
Eg er ny på forumet her, og har heilt nylig fatta interesse for buemakeri, så er fortsatt i lese- og undersøkelsesstadiet. I den anledning har eg mellom anna lest heile tråden om tovedsbue (den store tovedsbuediskusjonen). Ekstremt interessant, men vart det noko konklusjon på kva som var den opprinnelige konstruksjonen? Finnes det skisser, eller bilder av rekonstruksjonar? Dei fleste bildene som var nevnt i tråden er ikkje synlige for meg nå (gamle linkar?).
Jmfr. klassiske ordtak, og i strid med sunn fornuft, så så har eg veldig lyst å prøva meg på ein slik bue, eller liknande konstruksjon - men kjem til å bruka vanlig lim, og droppa neverlinding, og sannsynligvis noko kraftigare grep. Generelt finner eg mange laminerte buetypar, med moderat reflex i tuppane, og gjerne nøytral eller svak reflex i midten, veldig visuelt appellerande. Kva andre liknande buetypar vil dere anbefala at eg ser nærmare på? Samisk/finsk-ugrisk tovedsbue er vel ganske like? Men ønsker å unngå senebacking og meir kompliserte teknikkar i første omgang.
Ellers har eg eit naturleg trekk på bortimot 30" (grovmålt). Er det noko som påvirker valg av buetype eller material? Av det eg har greidd å finna ut, så bør vekta vera ein plass mellom 40-50 pund for ein "jomfrubue" til ein vaksen kar. Ønsker at den er lett nok til å kunne trena opp god presisjon uten for mange uvanar, samtidig som den bør vera kraftig nok til storviltjakt - dersom det blir tillatt i framtida. Eg har tilgang til eit bra utvalg av emner, men tenker bjørk til rygg, og einer til buk (evt tennarfuru) - andre alternativ er ask, hassel, eik, bøk, rogn, selje. Kva tenker dere? Er eg på viddene?
Mange spørsmål, og massiv tekstvegg, så eg beklagar! Håpar det er folk der ute som er villig til å dele erfaringar - historikken på forumet er imponerande i så måte. På førehand takk
//Henrik