Eg er litt treig, men takk for hyggelege tilbakemeldingar på både bogane og omgjevnadane! Eg er einig i at det ikkje er lett å sei noko om tilleren på bogane
utfrå desse bileta. Skulle absolutt hatt ein betre vinkel på fulltreksbileta, og bogane har dessutan litt svingningar og bulkar som kan
gjere det vanskelegare å lese tilleren. Skal prøve å få til nokon betre bilete ved neste høve.
Har liksom ikkje fått heilt dreisen på dette med tillerering endå, men eg jobbar med saken, og eg merkar heilt klart ein stor skilnad
på mine fyrste flatbogar og desse to bogane.
Boga med "fakesnake" har rundt 1 1/2" strengefølge etter flittig bruk, medan den andre ligg på omtrent 1/2 - 1" strengefølge, men denne har ikkje blitt like mykje brukt endå.
Strengefølge kan jo slik som du seier, Allan, gje ein indikasjon på kvar boga bøyer mest, og ei boge med jamn bøy vil jo derav få mindre strengefølge enn ei som bøyer ujamnt.
Jamn bøy i ei boge er vel ikkje nødvendigvis synonymt med perfekt tiller, men den er kanskje ikkje heilt på viddene likevel, trur eg

. Eg er uansett nøgd so lenge bogane held seg under 2" strengefølge.
Eg veit nemleg av erfaring at bogar med mykje strengefølge kan bli litt keisame å skyte med i lengda.
Skal prøve å svare litt raskare neste gang
