Side 1 av 1

To flatbogar

Lagt inn: 04 jan 2015, 20:54
av Dvergsdal
Hei. Har vore lesar av forumet over lenger tid, og tenkte at det no var på tide å bidra litt sjølv. Eg er ny i faget og har forsøkt meg litt på både langbogar og flatbogar. Det siste eg har laga er to flatbogar i alm som eg tenkte eg ville legge ut bilete av. Tar igjen det tapte og legg ut ein heil drøss med bilete.

Den første er ca 185 cm ntn. 50#-29"

Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde

Den andre er ca 185 cm ntn. 43#-29"

Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde

Er litt usikker på tilleren på begge bogane, men dei har lite strengefølge og det kan jo tyde på at den er grei nok?

Re: To flatbogar

Lagt inn: 04 jan 2015, 23:05
av Varjager
De ser fine ut begge to:)

Re: To flatbogar

Lagt inn: 04 jan 2015, 23:40
av Lars Jensen
Fine buer og tøffe omgivelser!

Re: To flatbogar

Lagt inn: 05 jan 2015, 00:28
av Allan
Fine buer, og vælkømmin! Det er ikke godt å si noe om tilleren utfra bildene, men hvis de er ganske snorrette nedspent er det nok ikke så hakkande galt. Men når du holder bua på fullt trekk kan bildet ljuge litt pga vinkelen, altså om bua er tilta litt. Strengefølge kan si noe om tiller i den forstand at de delene som bøyer seg mest følger strengen mer.

Re: To flatbogar

Lagt inn: 05 jan 2015, 11:43
av Bowman
Velkommen på forumet. To fine buer og du er heldig som har snø rundt deg. :-)

Re: To flatbogar

Lagt inn: 25 jan 2015, 10:24
av nidrinr
Ser bra ut det her veittu! Bra med noen vinterbilder. Vi har tross alt 4-5 vintermnd her i landet, og det er bra å få med seg at buer bør brukes året rundt. Alm er supert som vinterbuemateriale :)

Re: To flatbogar

Lagt inn: 01 feb 2015, 16:37
av Dvergsdal
Eg er litt treig, men takk for hyggelege tilbakemeldingar på både bogane og omgjevnadane! Eg er einig i at det ikkje er lett å sei noko om tilleren på bogane
utfrå desse bileta. Skulle absolutt hatt ein betre vinkel på fulltreksbileta, og bogane har dessutan litt svingningar og bulkar som kan
gjere det vanskelegare å lese tilleren. Skal prøve å få til nokon betre bilete ved neste høve.

Har liksom ikkje fått heilt dreisen på dette med tillerering endå, men eg jobbar med saken, og eg merkar heilt klart ein stor skilnad
på mine fyrste flatbogar og desse to bogane.
Boga med "fakesnake" har rundt 1 1/2" strengefølge etter flittig bruk, medan den andre ligg på omtrent 1/2 - 1" strengefølge, men denne har ikkje blitt like mykje brukt endå.
Strengefølge kan jo slik som du seier, Allan, gje ein indikasjon på kvar boga bøyer mest, og ei boge med jamn bøy vil jo derav få mindre strengefølge enn ei som bøyer ujamnt.
Jamn bøy i ei boge er vel ikkje nødvendigvis synonymt med perfekt tiller, men den er kanskje ikkje heilt på viddene likevel, trur eg :roll: . Eg er uansett nøgd so lenge bogane held seg under 2" strengefølge.
Eg veit nemleg av erfaring at bogar med mykje strengefølge kan bli litt keisame å skyte med i lengda.

Skal prøve å svare litt raskare neste gang :lol: